Eg er europear og vossastrendingtilbake
Europearen
frå Stronde
Per Husdal har som-
maradresse Vinje og
vinteradresse Königs-
feld i Tyskland. Me har
møtt han på sommarre-
sidensen i Ulvundsøyne ved Myrkdalsvatnet.
Foto: Knut Markhus
INTERNASJONAL: Per Husdal nyt freden på Ulvundsøyne når han er heime i Noreg. Med vinterbase i tyske Königsfeld og sommarresidens på Vinje kan han nyta det beste ved begge stadane.
Den skråstilte riva er ein tysk spesialitet.


Foto: Knut Markhus

Av Knut Markhus
Eg er europear
… og vossestrending. Slik karakteriserer Per Husdal seg sjølv. I denne rekkjefølgja. Han har sommaradresse Vinje og vinteradresse Königsfeld i Tyskland. Han elskar Voss, men smiler av folk som meiner bygda er verdas navle – og han har framleis vanskar med å skjøna kvifor Noreg verkeleg sa nei til EU-medlemsskap.
Av Knut Markhus
-- Eg har respekt for dei som sa nei til både EU og EØS-avtalen, men ikkje for dei som sa nei til den første og ja til den siste. I praksis røysta me over om me skulle vera eit myndig eller umyndig medlem av EU.
Meiningane kan vera kompromisslause, men dei kjem frå ein smilande munn. Per Husdal er nøyaktig sekstifem år gamal. Han sit ved kjøkenbordet i sommarresidensen sin på Ulvundsøyni. Han byr på te, og spør om det kan smaka med litt nudlar etterpå. Kona er i Tyskland. Det blir enkelt, seier han.
EU-borgar
Mesteparten av året bur Per Husdal i Tyskland, kor han har budd meir enn tretti år. I tjueseks av dei var han tilsett i NATO. Høyrest det tøft ut? Tøft var det sikkert, men Per sjølv er angoramjuk, med snille auge bak brillene.
-- Mange her heime trur Noreg er på topp når det gjeld miljø, men det stemmer ikkje. Dei fleste tiltak som blir sette i verk, er allereie blitt gjennomførte i Tyskland. Folk der nede vil gjerne ha Noreg med i EU fordi Tyskland då vil få ein partner i miljøarbeidet sitt.
Varm kjærleik
Per verkar umåteleg glad in kona si. Første halvtimen over kaffikoppen handlar om ho, kunstnaren Jutta Eulenstein-Husdal. Og så vandrar me gjennom huset og studerer bileta hennar, frodige silkemaleri av klovnar og blomar.
Han møtte Jutta for ti år sidan. Dei hadde ei felles kunstinteresse, og Amor fekk lett spel. I 1996 ville dei gifta seg. Men Per hadde vore gift tidlegare, noko som skapte absurde forviklingar i det tyske byråkratiet. Omsider greidde han då å vikla seg ut av det Kafka-aktige nettet, og paret kunne veksla ringar hjå den tyske byfogden.
Kald krig
Per gifta seg første gong i 1962. Då var han stasjonert i Nord-Noreg, og arbeidde med å byggja ut langlinjenettet for Forsvaret. Men kona vart sjuk, og døydde før dei hadde vore gift i fem år.
I 1968 takka Per ja til ei sivil ingeniørstilling i NATO sin sentralkommando ved Aachen i Tyskland. Då var han igjen nygift, og saman med kona slo han seg ned i den vesle landsbyen Schmidt. Her vart han buande i same hus i tjueseks år. Ekteskapet tok slutt etter ei tid, men Per heldt stand åleine.
Den kalde krigen sette ei alvorleg ramme rundt arbeidet. Det var vitalt å allid halda sambandslinene opne, frå Finnmark i nord til Tyrkia i sør.
-- Me kjende oss stundom som galeislavar. Om båten gjekk ned, måtte me følgja med.
Men med avviklinga av den kalde krigen fekk ikkje NATO bruk for sin trufaste sambandsingeniør lenger, og i 1994 laut han ufrivillig førtidspensjonera seg.
Kulturskilnader
Per Husdal sin internasjonale livsveg har gjeve han nærkontakt med dei mest ulike kulturar, og folk frå både Europa og Amerika. På hovudkvarteret for sentral-Europa (AFCENT)  ved Aachen hadde han kollegaer frå heile Europa, men Per gløymde fort kva land dei var frå.
-- Det var arbeidet som var viktigast, og kvar einskild medarbeidar sin kunnskap.
Likevel ser han i ettertid store skilnader mellom dei ulike nasjonalitetane.
-- Britane var dei mest negative. Dei meinte at dei visste alt best sjølve, men sanninga var at slike haldningar skapte problem. Franskmennene og belgiarane var dei mest positive. Når eg beklaga at eg ikkje kunne snakka fransk, lyste dei opp og sa at då kunne dei få praktisera engelsken sin. Dei pensjonerte franskmennene er dei einaste som den dag i dag arrangerer regelmessige gjensynstreff.
Eit herja landskap
Schmidt med omland var eit av dei mest omkjempa områda under den andre verdskrigen. Ikkje eitt hus stod igjen etter at amerikanarane omsider hadde teke landsbyen, og i desse kampane mista dei fleire mann enn under heile Vietnam-krigen.
-- Fleire innbyggjarar her døydde av krigsskadar etter at krigen var slutt enn medan det stod på. Ein av naboane mine her fortalde kor godt han kunne kjenna seg igjen i  historier frå det tidlegare Jugoslavia. Tjuefem år etter at verdskrigen var slutt vart skuleungar enno åtvara om fåren med miner og sprengstoff frå krigens dagar.
I dag er Schmidt ein triveleg, liten landsby med to tusen innbyggjarar. Her finst mange av dei same særtrekka ein finn ved ein tilsvarande stor stad i Noreg.
-- Du finn grensekranglar, utskiftingstvistar, og kommuneval der ein stemmer meir på grenda si enn på partiet, humrar Per.
Imøtekomande tyskarar
Königsfeld, kor Per Husdal no bur, er ei lita bygd med seks hundre innbyggjarar. Og strendingen kjenner seg like dus med dei tyske sambygdingane sine som dei heime på Vinje.
-- Bygdefolk der nede har det same lynnet som bygdefolk her. Det er større skilnad mellom ein strending og ein person frå Oslo, enn mellom ein strending og ein innbyggjar i Königsfeld.
Slik som i mange norske utkantar, har den vesle bygda i kommunen Bad NeuenahrAhrweiler nettopp mista Posten. Men postomberinga er heilt annleis enn i Noreg.
-- Postmannen går kvar dag opp den lange bakken til huset vårt, og så opp trappa til andre etasje og legg posten i kassa ved døra.
Per kan ikkje fri seg frå å sjå fortrinn ved ein del ting i Tyskland, og synst nordmenn har eitt og anna å læra av tyskarane.
-- Når tyskarar snakkar med framandfolk, brukar dei høgtysk, riksmålet. Her på Voss greier me ikkje ein gong å snakka standard nynorsk til tilreisande. Kona mi har på grunn av dette store problem når ho skal prøva å snakka norsk med bygdefolk.
Hekta på historie
 Før Per Husdal flytta til Königsfeld, kjøpte han heilt automatisk bygdeboka for området. Han er glødande interessert i historie, og har eit imponerande bibliotek av kuriøse bøker, ikkje minst slike som omhandlar den andre verdskrigen.
-- Visste du at meir enn halvparten av jødane i Tyskland emigrerte før krigen starta? Visste du at over ein million tyskarar døydde i ameri-kanske fangeleirar rett etter krigen?
Engasjementet er brennande der han dreg fram bok etter bok, på engelsk, tysk og norsk.
-- Me må kjenna fortida for å forstå framtida, seier han alvorleg.
-- Eg har alltid hatt ei stor interesse for bøker og historie. Då eg var ganske ung fekk eg låna ei kjempeutgåve av Snorre. Den tre kilos ko-lossen hadde gotisk skrift, men eg lærte meg å tyda bokstavane og las boka. Elles sat eg my-kje å høyrde på når eldre folk fortalde frå gamle dagar. Me budde på meieriet på Vinje, og her var mange innom. Onkelen min, Oskar, var ein særskilt god forteljar.
Per på web
På dataskjermen til Per ligg det framme eit foto av denne inspirasjonskjelda, no nitti år gamle onkel Oskar. Per sit mykje framfor PC-en når han er grasenkemann på Ulvundsøyni. Heimesida hans inneheld eit rikt album med gamle bilete frå Vossestrand, blant anna med ein kronologisk serie klassebilete frå Sundve skule frå 1904 og framover. Og her er sjølv-sagt talrike bilete av Jutta sine kunstverk.
Han står også bak heimesida til gamle Vinje kyrkje. Saman med broren, Ivar, er han ei av eldsjelene i arbeidet med å få gjenreist den gamle kyrkja, som vart riven i 1872.
Glad i heimbygda
Nudlane er godt kokte, og kjøtdeigen steikt.
-- Eg lagar ikkje jamning. Eg pleier å gjera det, men kan vel ta det litt enkelt i dag sidan eg berre serverer mannfolk. Vil du ha litt råkost? Viss du legg det på den andre tallerkenen der kan du eventuelt ha det til dessert.
Gjestfridomen og forpleiinga er sjarmerande. Per trippar rundt på kjøkenet som ein rastlaus jojo. Det er litt vanskeleg å sjå han for seg som bygda sin trugne elektrikar. Det var nemleg det han skulle bli, og det kan godt henda han hadde blitt ein riktig god elektrikar. Men han er likevel velsigna glad for at han avbraut den utdanninga.
-- Eg var redd for at eg ville koma til å bli gåande heime i grenda, og det hadde ikkje passa for meg. Eg er svært nyfiken av natur, og likar å utforska nye område både geografisk og på andre vis. På ei anna side er eg svært takksam for at det er folk som har valt å bli buande heime. Hadde alle gjort som meg, ville det jo ikkje vore noko bygd å koma heim til.
Og når han seier «heim», så tenkjer han på bygdene sine både i Tyskland og Noreg.
-- I Noreg blir eg gjerne spurt om eg reknar meg for å vera tyskar. Det svarar eg nei til. Eg ser på meg sjølv som ein europear, og deler den store draumen om eit sameina Europa. Eg er ein europear og vossestrending!
toppen av sida