Ferie i Italia 2005
Bilete frå turen kan du finna
her
Torsdag 14.4.2005
Endeleg har Jutta og eg kome oss på veg til Toscana. Dette har me planlagt i fleire år, men alltid så var det noko i vegen.
No har eg friska opp språket som eg lærde noko av for 44 år sidan, då eg budde sør for Roma i fire månader. Eg har kjøpt eit computerkurs i italiensk, der eg får poeng etter kor nær læraren sin uttale eg kjem. Det er vanskeleg for meg som sjølv med høyreapparat, knapt nok kan høyra høgare tonar.

Turen gjekk fyrst med taxi til flyplassen Köln/Bonn som ligg 40 km frå Ahrweiler der me bur. Deretter med fly Bonn – Bologna. I Bologna venta ein leigebil på oss. Vidare bar det først på autostrada A1 over fjellet til Firenze, ein strekning på 100 km. Det var det villmannskøyring der. Det var delvis tre spor. Lastebilar køyrde forbi i spor to og brukte ofte ein del av spor tre.
Det er eit fint fjellandskap, men eg fekk ikkje sett mykje av det, eg måtte passa på trafikken. For Jutta var det også ei oppleving, men ikkje landskapet. Ho held også augene meir på trafikken enn på landskapet omkring.
Frå Firenze bar det sørvestover omlag 70 km på ulike vegar til ein liten by, Montaione. Byen ligg på ei høgde. Me køyrde gjennom byen og eit par kilometer ned på andre sida til feriebustaden vår. Den siste kilometeren var i reisebeskrivelsen vår kalla ein ”naturveg”. Eg vil heller kalla vegen ein dårleg ”stølsveg”.
Klokka var over åtte og det mørkna då me kom fram. Nøkkelen sto i døra. Det var berre å gå inn. Inne venta oss ei velkomsthelsing med frukt, vin, vatn, juice og spaghetti.
Etter å ha fått inn sakene våre, sette me oss ned ved fjernsynet med eit glas vin. Det var ei mengd med italienske og tyske program. Det som interesserte oss var været i Toscana. Det fann me til slutt. Som venta i Italia på denne tida, kunne det verta både sol og regn.
Fredag 15.4.2005
Me vakna opp med solskinn. Frå vindaugo ser me store oliven og vinhagar og overalt skin den raudbrune terrakotta-jorda igjennom. På trappa sit ein katt og vill inn. Truleg har dei førre gjestene gjeve han mat.
Huset ligg så langt frå allfarveg at me ikkje høyrer bilane. Fly høyrer me så vidt av og til. Det einaste som ”forstyrrar” er fuglesongen og ein gauk som gjel bort i lia.
Etter ein liten frukost drog me opp i Montaione for å handla mat. Snøgt finn me fram til Coop. Butikken er liten, men har eit godt utval. Så det meste me trengde fann me. Brødet henta me i bakarbutikken. Då me gjekk ut av butikken sa me ”arrividerci” og fekk til svar ”bongiorno”. Dette forvirra oss svært det var som ein hadde ein hadde sagt ”god dag” når ein går ut av butikken. Heldigvis fekk me ”arrividerci” etter oss hjå slaktaren då me gjekk ut av butikken der. Så det var no berre eit unntak hjå bakaren.
Om ettermiddagen tok me ein tur til San Gimiano, byen med dei mange tårna. Den er omtalt i alle reiseforteljingar frå Toscana, så eg trur ikkje at eg har noko nytt å fortelja derifrå. Me kom der i 1330 tida. Byen verka tom utan butikkfolk og turistar. Men etter kvart strøymde turistane inn og dei handlane kom fram i ”lyset”. Då me forlet byen i 1500 tida, var gatene som ei maurtue, full av folk som kom og gjekk i alle retningar.
Me la retningen mot Volterra, ein av dei elste byane i Toscana. Han ligg oppe på ei fjell i 550 meters høgd. Det var San Gimiano omatt, berre at her var det fullt av liv og rørsle i denne maurtua alt då me kom. Overalt vert det seld ting av alabast, akkurat som i San Gimiano.
Landskapet her er fascinerande. Overalt er det dalar der det enno så tidleg på året renn elver eller bekkar på botn. På høgdene ligg landsbyar og byar. Innimellom er det så bondegardar og vin og olivenhagar. Vegane går i sving og krok, opp og ned, ofte manglar det beskyttelse mot å køyra utfor, akkurat som på Vestlandet enkelte stader.
I nokre landsbyar er det einvegskøyring med lysregulering. På ein stad nytta ein mann seg av dette med å tene pengar med å vaska støv av frontrutene på bilar som venta på grønt lys.
Laurdag 16.4.2005
Regn, regn!
I dag sov me lenge. Det høvde å ta ein tur i eit stort supermarked 10 km i frå oss, for å sjå kva dei hadde der. Der har Coop ein stor butikk. Det var laurdag og overfyllt parkplass. På italiensk vis med køyring mot køyreretningen og trengja oss fram, fekk me tilslutt ein plass.
Sidan nyår er det ikkje lenger lov å røykja på serveringstader. Utanfor ein kaffebar trengde seg nokre personar saman med sigarettane sine i ly for regnet. Verkeleg – røykeforbodet vert respektert! Inne var det herleg fritt for røyk. Snøgt fekk me oss ein Cappcucino kvar til 1 euro for koppen. Inne i det store supermarkedet kunne ein få ”alt” – berre ikkje ”det” spesielle tyske eller norske. Handlevogna vart i alle fall full og totalprisen var det ikkje noko å seia til.
Det regna vidare, så etter middag la me oss nedpå.
Etter ei stund svatt me opp og trudde det var jordskjelv, men så gjekk det opp for oss det var kome nye feriegjester i bustaden ved sida av oss. Det var ein familie frå Sveits med tre ungar og ein stor hund. Dei hadde vel køyrt strekningen i eitt – omlag 700 km – og no bar det laus med gøying, roping og noko som verka som ballspel mot veggene i roma. Det hjelpte lite å stå opp og setja på fjernsynet. Me trefte husforvaltaren litt seinare. Han var klar over støynivået og sa han ville snakka med dei. Etter ei stund kom støyen ned på det som er vanleg i eit hus der fleire familiar bur.
Sundag 17.4.2005
I dag har me besøkt eit kloster med mange små kapell rundt om kring i San Vivaldo ikkje langt frå oss. Det vert kalla ”Jerusalem”. For katolikkar er sikkert interessant, men ikkje for lutheranarar som oss.
Måndag 18.42005
Det har ikkje regna ein dråpe heile dagen.
Det er klårvær og eg har sett snøfjell i nord. Der er fjella opp i 2000 meters høge.
Valet på ein ny pave er i gang. Resultatet av fyrste valomgang er ”fumata nera” (svart røyk).
Denne dagen gjekk turen til Sienna. Det er også ein kjent by som alle sikkert kjenner frå tallause bøker, hefter og fjernsynsfilmar, så eg trur ikkje eg kan fortelja noko særleg nytt. Det som alltid er spanande når ein kjem til ein gamal by i Italia er, kvar kan ein parkera. Me hadde eit enkelt kart med parkeringsplassar innteikna. Men kartet viste ikkje innfartsårene eller einvegsgatene. Me køyrde ein runde rund den gamle festningen, slik at me fann ut kvar me var. På neste runde valde me oss så ut den høvlegaste parkeringsplassen og sette bilen frå oss attmed den høge festningsmuren (alle gamle byar er bygd på ei høgd og alle har ein festning). Fotballplassen ligg like ved, så når det er fotballkamp, er plassen full av bilane til fotballtilhengjarane. Det stinka av urin der – som om ein bonde hadde spreidd gylle. Ja slik er det i Italia.
Me tok retningen mot plassen midt i byen der det årlege hesteveddeløpet vert halde. Det såg annleis ut enn det eg hadde forestilt meg. Plassen var skrå og usymetrisk og gjer det vanskelegare for hestane å halda banen. Plassen er steinlagd. Men den dagen veddeløpet går, har ein fyllt opp med sand. Overalt rundt plassen er det restaurantar og suvenir- buer. Overalt sat det folk på steinbrulegginga og sola seg. Mange snakkar engelsk og tysk. Prisen på mat og drikke er mangdobbelt av det ein finn på stadar utan turisme.
I ”Duoma” (katedralen) var det kø for å koma inn. Ein ”Carabiniero” med pistol i beltet var og der for å sjå etter at alt gjekk roleg føre seg. Det er teljeapparat som tel dei som går inn og dei som går ut (slik som bilane på parkeringsplassane vert talde) Det var maksimum lov til å vera 700 personar inne i katedralen. Då me var der var det omlag 250 som var inne på ein gong. Det verka like vel som ei maurtue
Det som er meir interessant er å sjå på livet der turistane ikkje er. Eldre menn som sit på ein fortauskafe og pratar. Når ein kjem forbi eit par timar seinare sit dei enno der. I Sienna er det ikkje ofte slikt å sjå, men i Montaione der me bur, er det vanleg. Ikkje kan dei så mykje engelsk og tysk. Butikkfolk i Montagnione kan nok telja litt på engelsk og tysk, men elles så må me bruka italiensken.
Tysdag 19.4.2005
Det har, som vanleg regna i natt. Utover dagen regna det av og til.
I dag her me teke det med ro. Ein 10 km nord for Montagione ligg det eit anna ferieanlegg som tilhøyrer dei same som leiger ut til oss. Me tok ein tur dit for å sjå på det. Det er mykje finare enn her. Det var ei som heiter Rita, som leia det. Vel framme fann me berre handverkarar som var opptekne med å pussa opp. Ein tysk bil sto på parkeringsplassen, så det var nok rette plassen. Ein viste oss vegen til Rita sitt kontor. Diverre så var ho ikkje der. Ein annan sa at ho sikkert var tilbake ”mezzogiorno” (til middags ,klokka 12). Litt seinare kom ei italiensk dame som også ville hjelpa oss. Ho var og ringde, men fekk ikkje tak i Rita. Me fekk prøva att klokka 3 sa ho.
Me venta ikkje men for vegen vidare til neste by, Castel Fiorentino, der me ville handla på Coop slik som på laurdagen. Det skulle vera 5 km dit i fylgje informasjon om feriestaden. Det viste seg å vera 10 km. Ja slik er det Italia.
Onsdag 20.4.2005
Eg kjøper rundstykke kvar morgon i ein liten bakarbutikk. I dag retta ho som arbeider der på italiensken min. Eg ba som alltid om ”quattro (4) panini, prego”. Det heiter panine, sa ho – ”hokjønn”. Eg takka for leksjonen og har passa på å seia det rett seinare.
Jutta trengde å oppsøkja ein lege. Frå eit hefte me hadde om Montagione , fann me fram til eit lite legekontor. Det var ikkje noko skilt utafor. Oppe i andre etasje sto det legepraksis og openingstider. Kontoret var stengt. Korkje opningstider eller namnet på legen stemde med heftet.
Me fann eit lite apoteket. Og fekk god hjelp, til å finna ein lege. Han hadde open frå klokka 17. Etter litt søking, fann me ei dør der det sto opningstider på ein lapp. Namnet på legen – eller om det var eit legekontor, sto det ikkje noko om. Inne i venterommet sat det fire personar. Eg spurde om ein skulle melda seg hjå ei kontorsøster, men noko slikt fanst ikkje. Etter ei stund kom legen. Dei andre kom sjølvsagt fyrst inn, men til slutt var det vår tur. Det vart snakka på engelsk, tysk og italiensk. Han gav seg god tid og brukte medisinsk ordbok.
Torsdag 21.4.2005
Høyreapparata mitt var mekanisk i stykke. Så eg gjekk til apoteket og snakka med apotekaren. Han gav adressa til ein høyreapparatspesialist i Castel Fiorentino. Han visste ikkje den nøyaktige adressa, så me spurde oss fram. Der snakka dei ikkje eit ord anna enn italiensk, men me forsto kvarandre og han fekk apparata i orden. Betaling ville han ikkje ha.
Så gjekk turen vidare inn kjernelandskapet Chianti. Me køyrde sørover til Poggibonsi og deretter i krok og sving oppover mot Castellina (”Den vesle festningen”). Det var ei oppleving. Bilen rulla i 2. og 3 gir. Det er som å køyra på dei mest krokete vestlandsvegar som finst. Det kan ofte vera djupe grøfter og/eller manglande føringsskinner. Der det er føringsskinner, er dei ikkje ført på skrå ned i bakken på enden slik det vart innført i Tyskland for lenge sidan (Norge fylgde etter 10 år seinare). Snøggare enn 30-40 km kunne me ikkje køyra. Skog, vinmarker, eng og beite veksla heile vegen. Det er mykje stein i jorda. På mange stader er det som i Norge. Dei har no sett inn maskiner og har rydda dei store steinane til sides og planert. Dei mindre steinane, på 10-20 cm, låg att der dei hadde - eller skulle planta - nye vinstokkar. Elles så var det mange marker i brattlende og med mykje knausar og store steinar som låg brakk og voks til med kratt.
Castellina ligg i 600 meters høgd og er meir ein landsby enn by. Dei har eit vinkooperativ med dyre, men ikkje gode vinar - og så den vesle borga. På ein parkeringsplass var det eit toalett med betalingsautomat, men som andre stader som me har prøvd, verka ikkje automaten. Så då var det å køyra vidare og gå i skogen, og skog er det nok av.
Seinare kom me fram til Radda – ein malererisk by ein smal åsrygg. Historia fortel at det var mykje strid mellom Firenze og Sienna kvar grensa mellom dei skulle gå. Dei vart samde om at ein morgon ved fyrste hanegal skulle ein ryttar frå kvar by rida i retning av den andre byen. I Firenze let dei hanen svelta slik at han var uroleg og gol svært tidleg. Ryttaren sette av stad og kom heilt fram til Radda før han møtte ryttaren frå Sienna. Difor kom grensa til å gå mykje nærare til Sienna enn til Firenze. – Den svarte hanen (Gallo Nero) vert brukt på Chiantiflaskene som varemerke den dag i dag.
I kafeen på torget i Radda sel dei spesiell årgangsvin, som kostar 100 – 200 Euro for flaska.
Laurdag 23.4.2005
Tur til Massa Marittima –100 km – 2 ½ time – ”den vakraste byen” i Maremma området. Skuffande – ikkje noko finare enn andre.
Vegen gjekk forbi Volterra og gjennom Larderello – i djevelens dal. På ein strekning av 10 km lukta det sterkt av svovel. Der er det kraftverk som produserer elektrisk straum frå jordvarme. Vatnet kjem fram som damp med temperatur på over 200 grader.
Det bur mykje folk i ”djevelens dal”, men dei kjenner vel ikkje svovellukta, dei er så vand til ho.
Sundag 24.4.2005
Ein roleg dag. Familien på 5 pluss hund har reist. Det er heilt stille i huset. Jutta er mykje betre. Me har spasert litt omkring i landskapet nær feriebustaden.
Måndag 25.4.2005
Ein times køyring nord for Montainone ligg Vinci, der Leonardo da Vinci kom i frå.
Ein har no bygd eit museum der ein har laga og stilt ut ting som han teikna. Der er både pansarvogner ,dykkarutstyr om mange andre maskiner. Nokre av dei var realisert medan han levde. Andre støva ned i arkiva.
Etteralt regnet har jorda nedanfor huset turka så mykje at bonden kan koma seg utpå. Han driv på til etter det har vorte mørkt. På marka nedanfor oss brukar han ein liten beltetraktor med horv. Elles så brukar han traktor med 4-hjuls drev.
Tysdag 26.4.2005
Sola skin frå skyfri himmel. Det er turt og varmt, og no har dei små svarte maurane funnen vegen inn i kjøkkenet. Det var ein par ”spionar” i går, men me tenkte ikkje meir over det. Dei kjem inn under terassedøra og i dag fylgjer dei luktsporet rett fram til søppelbøtta i kjøkkenbenken. Ved hjelp av ei vaskefille og mykje eddik har me laga ein luktbarriere og i kveld hadde dei enno ikkje brote gjennom barrieren.
I dag tok me ein rur til Castelfiorentino. Det er ein by utan turistmus. Byen er like velhalden som alle andre byar i området, men ein kan ikkje finna ei utenlands avis eller tidsskrift der me gjekk.
I ein internetkafe var me innom for å sjå etter mail og for å lesa nytt frå Norge. Nytt frå Tyskland har me i TV og aviser. Det kosta 0,50 € ein halvtime. I Montaione tek ein for det same 2,00 € (Det er truleg turistpris). Deretter gjekk me inn på ein kafe ved sida av, der me var dei einaste gjestene. Me hadde knapt sett oss ved eit bord, då kjem ungguten som arbeider i internetkafeen med fotoapparatet mitt, som eg hadde gløymt. Han hadde sprunge ut på gata og leitt etter oss og hadde sett inn i kafeen og funne oss der. Det er det same i alle land; på små stader, der det ikkje er turistar, er folk ærlege.
Og korleis er prisen på ein cappucino her? 1 –ein- Euro for koppen. Servert ved bordet!
I ein par små kombinerte butikkar med bøker og anna, spurde eg etter ein bestemt bok om borgarkrigen i Italia i tida 1943-45-48. Eg vart merksam på boka var nemnd i eit italiensk TV program. Diverre så hadde dei ikkje boka. Eg får prøva andre stader.
Onsdag 27.4.2005
Den vesle dalen under oss er fylt med skodde. Over skodda skin sola. Det vert nok ein fin dag.
Enno er kjøkkenet fritt for maur. Eddiken hadde verka godt, men utpå dagen var det så mykje maur ute og leita at dei har funne nye vegar inn. Det er godt me reiser i morgon.
Torsdag 28.4.2005
I dag går reisa heim att til Ahrweiler. Me skal ta fly klokka 16.40, så me har god tid.
Eg hadde tenkt å tanka opp bilen i går, men gløymde at det var onsdag. Mest alle småe bensinstasjonar (og dei fleste her er småe) har stengt på helgedagar, midt på dagen og onsdag ettermiddag. Så no vert det gjort i dag tidleg her i Montaione. Dama på bensinstasjonen såg at me køyrer ein 4-dørs Smart maxi-versjon. Ho peika på ein mini Smart og forklarde at det var hennar bil. Så såg ho på skilta våre og spurde om me kom frå Roma. Så var det i gang med å fortelja at eg var nordmann, budde i Tyskland og hadde leigd bilen i Bologna. No kom det nye kundar, men eg fekk så vidt forklart henne at eg hadde lært italiensken min for 44 år sidan då eg budde sør for Roma i fire månader.
Etter 30 km på forskjellige landevegar var me inne på Autostradaen. Der gjekk det like vilt for seg som då me køyrde sørover.
No kunne me ta det med ro og køyrde mykje i høgre sporet då me var komne på høgda. Me tok pausar og likevel såg det ut til at me ville koma alt for tidleg fram til flyplassen. Så me planla ein lang pause på siste kafeen ved Autostradaen like før Bologna.
Så var det bom stopp. Eitkvart var skjedd lenger framme. Alle sat i bilane sine og venta på at det skulle gå vidare. Etter kvart kom folk ut av bilane og byrja å prata. Ein hadde ”politiradio” i bilen og fortalde om tre lastebilar som var støytt i saman. Andre fortalde om at det var skjedd i ein tunnel. Av og til gjekk trafikken på andre sida oppover svært tregt. Då ropa lastebilsjåførane over til vår side og fortalde om ulukka. Eg forsto ikkje noko, eg er for tunghøyrd til det, men italienarane forsto og fortalde fantasifullt vidare. På standsporet på høgre sida kom politi og sjukebilar, bilbergingsbilar, politi og vegvesenfolk. Til slutt hadde eg tald 13 forskjellege slike køyretøy. Nokre vanlege traffikantar prøvde seg og der. Ein av dei som sto og venta meinte om ein bil at det var noken fordømte tyrkarar som ikkje held seg til trafikkreglane. At i alle dei andre bilane, som også køyrde ulovleg i standsporet, var italienarar, sa han ingen ting om.
Jutta vart meir og meir nervøs at me ikkje skulle nå flyet vårt. Me hadde billig billettar og kunne ikkje koma med andre fly utan å betala på nytt – og det til ein mykje høgare pris. Ho ringde til ei veninne i Sveits og bad henne prøva å gjeve beskjed til selskapet om å venta til siste minutt på oss. Svar fekk me ikkje for batteriet på mobilen vart tomt. (Seinare fekk me høyra at slikt tek dei ikkje omsyn til).
Etter 2 ½ time løyste floken seg og alle køyrde det dei kunde. Eg sumde med og køyrde på italiensk vis. Det var mange avsnitt med arbeid på autostradaen med sterkt redusert fart, men det var berre å køyra på slik italienarane framføre, bak og på sida køyrde.
Bilen vart parkert på flyplassen, tømt for bagasje og avlevert. Så til ”Check-in” i full fart. Der kunne me pusta ut – me hadde enno 15 minutt å gå på.
Det var lang kø i sikkerhetskontrollen, og den var streng. Eg hadde gløymd ein faldekniv i toalettmappa mi. Den tok dei. Eg kunne få lov til å gå tilbake og ekspedera han som reisegods, men så mykje var han ikkje verd.
Flyturen heim over dei snøkledde Alpane og nypløgde åkrar i Tyskland var rutine.

Etterord:
Eg ville sjølvsagt prøva vinane i området. I førevegen hadde ein lege her i Ahrweiler sagt at vingardane hadde høge prisar, men ikkje tilsvarande kvalitet (og smak). Dette prøvde eg ut og kom til det same resultatet. Hjå Coop fekk ein like god vin til halve prisen. No må eg ta atterhald om at eg ikkje fekk tid eller høve til å oppsøkja dei små vingardane utan store reklameskilt.
Det vart i alle fall ikkje kjøpt vin med frå Toscana. Så god fann eg han ikkje.
Frå 1. februar 2005 er det innført fullt røykeforbod på alle serveringsstader. Dette var eg spent på. Ville folk retta seg etter forbodet. Ja, det gjer dei verkeleg.
Noko anna som er påbode er å køyra med lys på. Her er dei ikkje så lovlydige. Omlag halvparten køyrer enno utan lys om dagen.
Helsing Jutta og Per