Slektstemne i Husdalen i Lindås kommune 1978
No er det over 20 år sidan det var slektstemne i Husdal. Eg trur det er mange som kunne tenkja seg ei slektstemne att. Denne gongen vil det truleg høva betre å halda stemna på ein annan stad enn Husdal. Johannes Husdal, som førre gongen var der og organiserte stemna, er borte. Vi må finna nye personar som kan ta dette på seg. Vi treng ein person som kan halda alle tråane i si hand, og denne personen treng medhjelparar. Kan dei som kan tenkja seg å ta del i organiseringa av ei slektstemne, melda seg hos meg i Norge eller i Tyskland så kan eg setja alle i samband med kvarandre, og ein kan så koma saman og snakka (også over internet) om det. -Eller enno betre: Skriv ein kommentar i Gjesteboka mi, så kan alle andre også lesa det.
For å gjera det klart så har eg ikkje noko ynskje om å leia organiseringa, men eg kan ta del i førebuingane til å danna ein "Stemnekomite".